Dei som deltok på gudstenesta i Hareid kyrkje søndag fekk med seg meir enn eit gudsord på vegen. Dei fekk også oppleve det nyskipa mannskoret Sunnmøre som mellomlanda på Hareid mellom to konsertar.

- Det var her på Hareid det starta for min del, med Johan H. og Sunnmøre Kristelege mannskor, fortel Magne Fremmerlid som tok å synge i dette koret då han var 17 år gamal. Han var difor fast bestemt på at mannskoret Sunnmøre måtte synge på Hareid, i tilllegg til konsertane i Spjelkavik laurdag og i Volda søndag ettermiddag.

Det er Magne Fremmerlid som har tatt initiativet til å skipe dette nye mannskoret og som han også dirigerer,

- Hareidsbesøket er på sett og vis ein hyllest til Johan H. Grimstad og det han har betydd for norsk korsong. Han har vore med å forme mannskorsjangeren til det den framleis er i dag. Johan H. har skapt noko av dei vakraste tonane eg veit, seier Fremmerlid.

Tilhøyrarane i kyrkja fekk oppleve heile fem mannskorperler, alle skrivne eller arrangert av Johan H. Grimstad: "Høgt frå den himmelske klåra", "Frid", "Djupe hav" - med Fremmerlid sjølv som solist, "Velsigna" og til slutt "Fager kveldssol", framført med Arild Grimstad som solist.

- 80 prosent av det vi har øvd inn til konsertane våre er anten komponert elelr arrangert av Johan H., seier Fremmerlid

Koret er samansett av songarar frå heile Sunnmøre, ein heil del av desse kjem frå våre trakter, med ei viss overvekt frå Hareid.

- Dette er notekyndige folk, så dei har fått tilsendt notar på førehand. Elles er det mange som kjenner til arrangmenta til Johan H. frå tidlegare, ikkje minst songarane frå Hareid, fortel Fremmerlid.

Korsongarane møttest til øving sist fredag.

- I ettertid skal vi evaluere dette og så får vi sjå om vi set i gang nye prosjekt. Planane er der i alle fall, seier Magne Fremmerlid.