Tjelden er for lengst komen. Eit anna teikn på at det er vår er det årlege amcar-treffet i Herøy. I år som i fjor og dei trettito føregåande arrangementa, skjer dette 1. mai

- No er det atter vår i landet, og det er på tide å få alle amerikanske glis ut i sola, heiter det i ei pressemelding frå arrangøren, Amcar Ytre Sunnmøre. Dei oppmodar alle som måtte ha ein ny modell frå i fjor eller gamal klassikar til å ta turen til Herøy kulturhus og vise dei fram.

- Som tidlegere år slepp alle amerikanske bilar og motorsyklar gratis inn. Før om åra har det vore over 400 køyretøy og over 4000 personer innom portene denne dagen, melder arrangøren.

I år kan dei også lokke med at inngangsbilletten til mønstringa også inkluderer eit besøk på Sunnmørsbadet.

- Den flotte gjengen frå HOG Chapter Nordvest kjem også på besøk. Buldrande og blankpolerte Harleys varmar alle hjarte,  skriv Amcar Ytre Sunnmøre som også håper at det skal dukke opp nokre skikkeleg store amerikanske trailerar.

Har du ikkje nokon flott i bil i naturleg storleik å vise fram, kan du ta med deg modellbilen din i staden og delta på modellbilutstillinga innandørs.

Du kan finne meir informasjon om treffet på Amcar Ytre Sunnmøre sin nettsider.