Det er Sunnmøre Folkehøgskule som står bak dette årlege arrangementet der løparane skaffar seg sponsorar som betaler for kvar runde dei gjennomfører. Sist søndag vart Globalløpet gjennomført for tiande gong. Det er ikkje få kroner dei har samla inn i løpet av desse åra, pengar som går til bistandsprosjektet dei er med på å støtte i landsbyen Ilula i Tanzania.

På stylter og rulleskøyter

I år stilte 190 registrerte deltakarar til start, dei fleste frå Sunnmøre Folkehøgskule, men også femti lokale sjeler tok del.

Nokre hadde kledd seg i fargerike kostyme, mellom anna kunne vi sjå nokon som tilbakela løpet iført superheltkapper og rulleskøyter, medan andre med ein stor porsjon optimisme la i veg på stylter. Kvar runde er på ein kilometer og løypa går gjennom Ulsteinvik sentrum.

Rundt 478.000 kroner kom inn i sponsorstøtte. I tillegg vart det arrangert Globalløp for tidlegare elevar i Trondheim for ei veke sidan, med 10431 kroner som resultat.

Elevane ved folkehøgskulen har dessutan fått inn over 220.000 kroner til prosjektet i Tanzania i løpet av skuleåret, mellom anna fekk dei inn 53.000 kroner ved å stille som statistar under innspelinga av TV-serien «Heimebane».

Midlane går til arbeidet som Ilula Orphan Program og Ilula KFUK driv for foreldrelause born og unge åleinemødrer i Ilula i Tanzania.

Det er Berit Skaare som er grunnleggaren av Ilula Orphan Program, eit prosjekt ho starta på uformell basis i 1998.

– Eg vert audmjuk når eg ser kor stort dette har blitt, fortel Skaare som sjølv var til stades ved årets Globalløp i Ulsteinvik.

– Eg deltok på ein speidarleir i Dar-es-Salaam i Tanzania for over førti år sidan. Eg heldt kontakta med mange av dei eg møtte der og det vart starten på det heile, seier Berit Skaare som har budd i Ilula dei siste 17 åra.