Herøy Gard har dei siste to åra vore brukt som rammen for samlingen. På samlingen møtes både nybegynnarar og meir erfarne padlarar. Herøy gård er en fin ramme for å ha ei padlesamling i vårt omåde grunna den flotte beliggenheten der det er masse med historier og noen av dei svært dramatiske. Under åpningen fredag kveld kjem arkitekt Roald Sporstøl for å halde eit foredrag om kystkultur. Han er kjennt for sin store interesse for kystkultur og historier frå nærområdet.

Laurdag kveld blir det servert kvalgryte frå lokal leverandør, mat av første klasse. Dette har blitt ei tradisjon på Kystkultursamlingen.

Padlekurs

På Kystkultursamlingen holder HKK mange forskjellige kurs i havpadling, alt frå grunnkurs Ung til aktivitetsleiarkurs i samarbeid med Norsk Padleforbund (NPF).

Kursa klubben arrangerer på Kystkultursamlingen er grunnkurs ung, grunnkurs hav, teknikkurs hav og aktivitetsleiarkurs ung.

Satsing på ungdom

Klubben har hatt stor satsing på å få til eit ungdomsmiljø i klubben, og er på langt på veg i å lykkes med det. Klubben holder på å utdanne nye ungdommer til å bli aktivitetsleiarar og da kan dei holde kurs for andre ungdommer som har lyst til å begynne med havpadling. Vi har frå før 3 ungdommer som har vore aktive med å holde kurs for ungdommer dei siste par åra siden dei tok aktivitetsleiarkurs sjølve.

Ingen krav om padleerfaring eller kunnsap før kurs

For å delta på padlekurs er det ingen krav om forkunnskap eller erfaring i å padle kajakk. På grunnkurset lærer du alt du trenger å kunne å vite for å kome i gang med kajakkpadling. Du vil i etterkant av kurset oppleve større glede av kajakken, føle deg tryggare og få store opplevelser med padling i vår fantastiske skjærgård som vi har her rundt oss på Søre Sunnmøre.

Turpadling på Kystkultursamlingen

Under kystkultursamlingen tilbyr HKK medlemmane til å bli med på tur laurdag og søndag. Det blir arrangert tur i nærområdet som er tilpasset alle som har grunnkurs til å bli med på. Søndag  For å kunne delta må du melde deg på aktiviteten via våttkort.no.

Ungdomstreningar

I sommar har Olea Jónsdóttir Flø og Mads Jakob Stave hatt fleire ungdomstreninger for ungdommer som skal gå vidare til Aktivitetsleiarkurs. Det har vore bra aktivitet blant ungdommane og treningene har foregått ved Osnessanden i Ulsteinvik. Takket være Sparebanken Møre i Herøy som var med på å sponse en kajakkhenger til kajakklubben i fjor haust, så er det nå mulighet til å frakte med seg fleire kajakker på en gang til det stedet øvingane skal skje. Utan denne kajakkhengaren hadde det vore vanskelig å få til dette aktivitetstilbudet.

Kajakkpolo

Nyaste satsingen for HKK sine medlemmer er kajakkpolo som er nokså ukjent idrett her i området. Det første kurset vart holdt i vår på Flø med 6 deltakarar.

2 Norgesmeistarar i eskimorulle i HKK

I sommar deltok medlemmer frå Herøy Kajakklubb på Qajaq-samling på Stokkøya ved Åfjord. Der vant Olea Jónsdóttir Flø juniorklassen og er norgesmeister for ungdommer i eskimorulle.. Mads Jakob Stave kom på andre plass. Det var fleire i dameklassen som deltok også, Mildrid Flø (Olea si mor), Sygni Johansen Aarseth ogLidun Hareide konkurrerte i klassen for damer. Mildrid Flø fornyet tittelen som norgesmeister men ho vant tittelen i fjor også. Lidun Hareide kom på 3 plass og Sygni Johansen Aarseth kom på 7 plass.  Det er økt interesse blant medlemmane å lære seg å rulle kajakk, og når man har fabelaktige instruktører internt i klubben som kan lære frå seg, så er mulighetane store får å lære å mestre kunsten å rulle med kajakk.

Klubb for heile fylket

Herøy Kajakkklubb (HKK) er ein klubb for heile Sunnmøre/Møre og Romsdal, og har medlemmer i frå heile fylket, spesielt i frå dei nærliggande kommunene som Ålesund, Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Vanylven og Sande .

HKK arrangerer kurs i våttkortstigen til Norges Padleforbund for å gi padlarane i fylket ein sikrare padling, og ein litt brattare læringskurve hos dei medlemmene som ønskjer det.

Klubben har arrangert fleire turer som medlemmane kan delta på. Vi kan da ta fram padleturen  «Øyhopping i Ulstein skjærgården» der vi startet i frå Osnessanden og padlet rundt mange av øyane i skjærgården. Også har klubben hatt klubbtur rundt Dimnøya for å nemne noen. Eiksund og Kjeldsundområdet er også veldig populært område for padleturer.