Sjølv om det regnar er det "Boksommar" på folkebiblioteka. Og det heilt fram til 1. september!

I sommar har born i alderen 6-12 år i Ulstein og Hareid kommune lest masse bøker fordi dei er med på folkebiblioteka si årlege satsing "Boksommar". Dette er eit tiltak biblioteka har for å få born til å lese gjennom sommaren og for å få nye lesarar glade i bøker.

Lesing betyr enormt mykje for utviklinga av born sitt ordforråd og gjennom lesing får borna faktakunnskap og utvida evna til å reflektere. Difor har alle vaksne eit ansvar når det gjeld å leggje til rette for at born skal få oppleve det universet bøkenes verd er. Det gjeld føresette, lærarar og ikkje minst vi som arbeidar på folkebiblioteka.

Ulstein bibliotek og Hareid folkebibliotek vil gjerne ha enda fleire born med på "Boksommar" og det er enno ikkje for seint å vere med. Lesepass der borna fyller ut det dei har lest, vorte lest for eller høyrd av lydbøker får du på biblioteka eller deira heimesider. Alle lesepass må leverast til ”ditt” folkebibliotek innan 1. september. Så i løpet av september vert det stor bokfest for alle deltakarar både ved biblioteket i Hareid og Ulstein.  For mange av dei yngre lånarane er dette høgdepunktet i bibliotekåret. For her vankar både premiar og overraskingar!  Både Ulstein bibliotek og Hareid folkebibliotek er no ope med vanlege opningstider etter ferien og gler seg til innspurten av "Boksommar".  Dei to folkebiblioteka konkurrerer om flest deltakarar så her er det berre å lese i veg.