Som ei siste markering av Grunnlovsjubileet blir det ope møte på Sjøborg kulturhus torsdag 4. september.

Der blir det føredrag med forfattar Edvard Hoem.

I tillegg til føredraget vil det bli gjennomført eit lokalpolitisk opplegg kring temaet "Refleksjonar kring lokalpolitiske utfordringar i Ulstein". Her skal alle partia som sit i Ulstein kommunestyre halde eit innlegg kvar på 5-10 minutt.