Sjølvplukka sopp kan gi deg mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. Søndag 7. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med turleiar og soppkontroll.

– Å plukke sopp er som å gå på skattejakt, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Aasen-tunet. Dei røynde soppentusiastane Rune Pettersen og Knut Barlaup vil vere turleiarar for dei som ønskjer å lære litt om soppsanking. Etter turen får alle ein gratis tryggingssjekk av soppkorga si med representantar frå Nyttevekstforeningen i Ålesund. Dei er godkjende soppkontrollørar og har mange års røynsle frå soppskogen.

– Vi vonar mange vil nytte høvet til å forsikre seg om at soppen dei har plukka er trygg som matsopp, seier Widerøe. Svoltne soppsamlarar kan nyte ein trerettars middag med sopp i kafeen.

Soppdagen er eit samarbeid med Nyttevekstforeningen i Ålesund og det er fjortande året Aasen-tunet arrangerer soppdag.