Fredag 5.september er det duka for årets Pirfestival i Herøy kulturhus. Ungdom som tek turen får mellom anna med seg The Main Level frå Bergen, Katastrofe frå Fredrikstad, Raylee frå Arendal, Lommerosk frå Volda og P.G.D.A med base i Volda.

- Det kjem til å bli ein knallbra kveld. Eg gler meg og oppmodar ungdom frå Ulstein og Hareid om å komme, seier Tomas Håndlykken (17).

Tomas er ein av bandmedlemmane i P.G.D.A,  og er for mange ungdommar kjend frå scena til Bell Ungdomsklubb og ikkje minst Ungdommens kulturmønstring.

Påmelding

Bell Ungdomsklubb i Ulstein i samarbeid med arrangøren av Pirfestivalen opnar for å booke leigebuss for retur frå Herøy kulturhus tilbake til Ulsteinvik sentrum etter fredagens festival. Arrangementet sluttar midnatt og returbuss blir i tilfelle 00.15. Aldersgrense er frå 8.klasse til 19 år.

- Sjølve festivalen kostar 150 kr, plass på leigebussen heim vil koste 50 kroner per person. I tillegg kjem billett på rutebuss med avgang kl. 19.15 frå Ulsteinvik, fortel ungdomsarbeidar Marie Flatin.

Ho understrekar at det blir booka leigebuss berre om interessa er stor nok. Dei som er interesserte må melde seg på til ungdomsarbeidaren anten gjennom hennar Facebookprofil: Ungdomsarbeidar-Marie Flatin eller epost: marie.flatin@ulstein.kommune.no innan onsdag 3.september kl. 14.

- Då alt etter kor mange som har meldt seg på vil avgjere om vi bookar leigebussen. Om det blir tur til Herøy så betyr det at eg saman med ein vaksen til blir med, og då blir det stengt på Bell Ungdomsklubb denne fredagen. Følg med på Facebook kva som skjer, avsluttar Marie.