Palestinakomiteen på Sunnmøre arrangerer støttekonserten for Gaza, og sjølv om arrangørgruppa sjølv har sympatiar for den eine sida i konflikten, så er konserten mest av alt eit initiativ for å vise humanitær støtte. Det seier leiar Kjell Stephansen i eit intervju med Sunnmørsposten.

Fredrik Steen, standupkomikaren frå Ulsteinvik, er ein av dei som bidreg til underhaldninga fredag kveld.

- Det blir eit lite standup-show, der eg gjer mine betraktningar kring ting, med verbal humor. Eg kjem også til å synge litt jazz, så dette gler eg meg til, seier Steen.

Inntektene til Norsk Folkehjelp

Steen får følgje av andre store kulturpersonlegheiter på Sunnmøre. Musikar Robert Post og Astrid Overå, revyartist og grunnleggjar av Teaterfabrikken i Ålesund, er også med. I tillegg til dei nemnte tre blir Bjørnar Myhr, Anita Valderhaug, Lena Nymark, Ketil Strand og Per Jan Vinje også å sjå. Ørnulf Opdahl og andre lokale kunstnarar donerer kunst til eit kunstlotteri, og inntektene frå dette går også til Norsk Folkehjelp.

- Norsk Folkehjelp har jobba i Gaza i mange år og har eit lokalt nettverk av tilsette. Dei har spesielt fokus på å hjelpe sivilbefolkinga og gi menneske som lever i denne fastlåste situasjonen eit snev av håp, fortel Kjell Stephansen i Palestinakomiteen til Sunnmørsposten.

- Føler med folket

Steen fortel til Vikebladet Vestposten at han ikkje var vond å be, når arrangøren spurde om han ville bidra.

- Eg sa ja til dette fordi eg føler med folket på Gaza. Eg har sterke sympatiar ovanfor eit folk som i bunn og grunn er fanga i sitt eige land, seier Steen.

Han fortel vidare at 1,8 millionar palestinarar er sperra inne på eit lite område på Gaza, og at det nok er både palestinarar og israelarar som er redde i konflikta.

- Vi er privilegerte som får bu og vekse opp i Noreg, det må vi ikkje gløyme.