Sundag har det mellom anna vore familiedag på Ishavsmuseet Aarvak og fiskekonkurranse i samband med Brandalsdagane i Brandal.

Ute på moloen utanfor hamna i Brandal traff vi Sebastian, Håkon og Eskil som freista fiskelukka og håpte å få fatt i den største fisken.

- Eg har fått to makrellar, og faren min har fått seks makrellar og ei stingsild, kunne Sebastian fortelle, men han var ikkje sikker på om nokon av dei var store nok til å stikke av med premien.