Søndag vert kulturminnedagane markert ved Herøy Kystmuseum. Det er Herøy Museumsbåtlag og Herøy Kystmuseum som står som arrangørar for opplegget.

Håvard Hatløy ved museet fortel at årets tema er «den store reisa – 200 års samfunnsutvikling».

- Vi spissar formidlinga inn mot dei opne båtane, om båtbygging og om bruken av dei, seier Hatløy.

Han fortel at Herøy Kystmuseum freistar å halde liv i den handlingsborne kunnskapen om desse båtane.

Rigge båtar

Under arrangementet på Herøy Kystmuseum er det ikkje berre formidling om historia og bruken av dei opne båtane ein kan ta del i.

– Folk kan kome, sjå og dei kan ta del i arbeidet og prøve sjølv, fortel Håvard Hatløy.

Mellom anna kan publikum vere med på rigging av to båtar, ein færing og ein seksring.

– Dei kan vere med på å barke og like segl, fortel Hatløy medan han demonstrerer korleis likinga vert gjennomført.

Dei som er nøgde med å ta ut båten utan segl kan heller ro seg ein tur.

– Ja, om nokon vil ro stilt langs landet ein søndag, så er det mogelegheita til det, slår Hatløy fast.

Sjølv skal han fortelje om kvifor båtar frå Sunnmøre var så ettertrakta under Napoleonskrigane.

– Det var på grensa til hungersnaud. På den tida var det Landmark, futen i Brandal, og amtmannen i Molde som var ansvarlege for folket og måtte finne ut kva ein skulle gjere, fortel Hatløy.

Han legg til at løysinga var ei stor reise i seg sjølv.

Siste sjanse for utstilling

Kulturminnedagen er også siste sjansen til å sjå romkunstnaren Marit Moltu si utstilling «Stemmene» i steinhuset på museet. Moltu skal vere til stades.

– Utstillinga handlar om kvinner som vart forteia på forskjellige vis i gamle dagar. Det er 21 ansikt, og 21 lagnader, fortel Hatløy.

Han fortel at litt av poenget med kulturminnedagane er at folk skal kunne kome saman og kose seg.

– Her kan dei lære, lukte og sjå på kva som går føre seg.