Mange av lesarane våre hugsar nok Sølve som tenåring og aktiv i band som Deep Frozen og GoodFeel. Han har sunge på fleire konsertar på Sjøborg kulturhus og i kyrkja.

No har ungguten blitt vaksen og debuterer som soloartist med pop-ballada «Fly Away». Songen tek for seg universelle tema som tap, stor kjærleik, lengsel, håp og bearbeiding av sorg. Til trass for Styve sin unge alder har han lang musikalsk erfaring, noko som blir reflektert i hans modne univers. Sølve har skrive både tekst og melodi sjølv. Han har med seg ein del musikarar på plata, fleire av dei er kjenningar frå Ulstein og Hareid, som Runa Husøy, Pål André Grimstad Worren og Daniel Moldskred Strand.

Studerer musikk

Sølve Styve har nettopp byrja på ein mastergrad i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Det trivst han veldig godt med.

No slepp han ein singel, utover hausten vil han sleppe fleire låtar i ein ep. No vil han satse litt.

– Blir du å høyre i Ulsteinvik snart?

– Det har eg veldig lyst til, svarer Styve, men har ingen konkrete planar.

Lenkje til "Fly Away" på Spotify

"Fly Away" på ITunes

Singelen "Fly Away".