Hausten er ei fin tid. Ikkje minst for den som likar å gå tur i skog og mark. I så måte ligg førstkommande søndag an til å verte ein utfartsdag av dei sjeldne

Styrkeprøva for 16. gong

Komande søndag arrangerer trimgruppa i Hareid IL turmarsjen Den Store Styrkeprøva mellom Eiksund, Alskleiva og Korshamna for 16. gong.

Marsjen startar i vegkrysset ovanfor den gamle ferjekaia i Eiksund. Deltakarane går opp derifrå til over tregrensa og vidare nordover. Nokre tek ruta via Blåtinden, medan andre held fram bortetter fjellsida mot Eiksundsetra og går derifrå opp til Kongsvollen. Frå Kongsvollen går ruta ned ryggen (via Bukketroppene) til Kvamstua – og derifrå vidare ned til Alskleiva. Enkelte rundar av turen der (det tek ca tre timar), medan andre held fram over Ulsettua og vidare ut til Korshamna. Det er drikkestasjon i Alskleiva.

Trimgruppa presiserer at dette er ein turmarsj for alle. Det vil likevel bli teke uoffisielle tider på dei som går heile vegen til Korshamna.

Trimgruppa set opp fem fjellstrømpepar i premiar til deltakarane. Vinnarane blir uttrekte undervegs. Det er ikkje lagt opp til noko hente- og bringeteneste, så alle som deltek må sjølve syte for transport til og frå.

Høddmarsj til Lisjevatnet

For den som ønskjer ein litt kortare tur kan Høddmarsjen opp til Lisjevatnet vere eit alternativ.

Det er klart for den årlege tradisjonsrike turmarsjen komande søndag. Marsjen går frå Gamleskulen på Ulstein gjennom Ulsteindalen, forbi den nyrenoverte kraftstasjonen og opp til Lisjevatnet. Sidan Hødd Fotball har heimekamp tidleg søndag ettermiddag startar marsjen ved Gamleskulen så tidleg at deltakarane skal kunne få med seg begge delar. Ved Lisjevatnet vil Trimgruppa som vanleg selje sveler, kaffi, brus og saft. Trimgruppa kan opplyse om at det etterkvart er mange som ligg an til å få 1-årspokalar.

Også her vert det høve til å vinne noko for dei som tek del.

Historielagsvandring

For den som tykkjer at både Den Store Styrkeprøva og Høddmarsjen vert i drygaste laget, kan Ulstein Historielag si vandring til Klubbeneset på Dimnøya vere midt i blinken. Særleg dersom ein i tillegg er interessert i lokalhistorie. Det er heller ikkje usannsynleg at også historielaget har nokre gevinstar.