Runde Miljøsenter er klare med nytt program for søndagane utover denne hausten.

Opningsøndagen den 21. september  blir det stor forskingsdag på Runde i regi av Høgskulen i Volda som er samarbeidspartnerar til Runde Miljøsenter.

Dei siste fem åra har Alv Ottar Folkestad orientert om tilstanden i fuglefjellet, og han har beretta om ein stadig meir dramatisk situasjon for fleire av sjøfuglartane.

- Vi tek opp at suksessen med å få fram endå fleire forteljingar om kjempefiskane som har levd i havet utanfor oss og vore fangsta på av båtar frå området vårt:  Haifisken håbrann og tunfisken  makrellstørje. Desse fiskeartane har nær vore utrydda, men dukkar no oftare og oftare opp igjen og vil gjere at vi får eit rikare og meir sapanade dyreliv i havet rundt oss, fortel Gunn Berit Gjerde ved miljøsenteret.

Runde Miljøsenter samarbeider med ein fransk forskar for å få fram opplysningar om håbrannfiskeria. Faktisk er det berre i Herøy og på Sunnmøre forskarane kan hente ut  informasjon om håbrannfisket som var på topp på  50- og 60-talet.  Sist senteret hadde foredrag om dette temaet møtte det fram mange som hadde vore med på dette fisket og hadde mykje invormasjon og kunnskap å kome med.

Denne hausten vil Runde Miljøsenter også sette søkjelys på den langt mindre fiskearten «sil» som også vert kalla «tobis». Tobisfiske har vore eit viktig fiske for flåten i Herøy. Arten er og ein av dei aller viktigaste fødeartane for mange av sjøfuglane våre.

Vidare er Trude Teige invitert. Ho har har sterk tilknyting til fiskeriet i Herøy, men på miljøsenteret skal ho fortelje frå eit heilt anna miljø som ho har opplevd på våre kantar, nemleg  bedehusmiljø og omreisande talarar. Dette skriv ho om i siste boka si , «Jenta som sluttet å snakke».  Og det vert sjølvsagt sal og signering av krimboka.

På Runde Miljøsenter er store delar av Akerendam-skatten på utstilling. Og i haust kjem ein av dei som kjenner dette funnet og andre funn som er gjort på kysten vår, best:  Arild Marø Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum.

Og det blir endå meir historie som er knytta til området vårt. Arkeolog Morten Ramstad frå Univeristetsmuseumet i Bergen er her og gjer utgravingar i samband med utbyggingar i vår region. Han fortel om spennande funn som er gjort både i Herøy og kommunane ikring.