Neste år, under  «Smak av Ulstein», er det sant. Ola Bremnes kjem til Ulsteinvik og skal saman med Blandakoret Hemingen halde konsert på Sjøborg kulturhus.

Dette skal verte ei musikalsk reise langs leia til Hurtigruta, frå Bergen til Kirkenes. Dei vil velje ut musikk som høyrer til langs leia der Hurtigruta passerar eller legg til. Ikkje minst vil dei leggje vekt på at heile 5 hurtigruteskip er bygt i Ulstein; Midnattsol (den gamle) og Polarlys ved Ulstein verft og Finnmarken, Nord-Norge og Nordkapp ved Kleven verft. Dette i seg sjølv er heilt unikt i norsk verftshistorie og vil sjølvsagt verte markert under konserten.

Ola Bremnes vil sjølv ta aktiv del i utforminga av programmet og har alt kome med mange innspel. Koret er særs glade for at dette har kome i boks og dei gler seg stort til samarbeidet med Ola.