Forfattar og TV-dokumentarist Oddgeir Bruaset kjem til Bigsetmessa den andre helga i november, den 8. og 9. Han er eit av dei kulturelle innslaga i den populære mat-, kunst- og kulturmessa i regi av Bigset skulekorps i Hareid.

– Mange gjer førjulsinnkjøpa sine under Bigsetmessa kvart år, fortel Hilde Kirkebø Bjåstad i messenemnda. Bigsetmessa er ein skikkeleg haustmarknad der bodene bugnar av innhausta grøder som er sylta, safta, salta, speka og steikt.

– Det skal vere full variasjon. Alt av bøker, kunst- og kulturvarer gjer at mange får unna gåvene i god tid før advent og den hektiske tida før jul.

Gleda over eit enklare liv

– Sjølv om det er utsal frå mellom 30 og 40 ulike standar, er kulturinnslaga ein viktig del av Bigsetmessa, seier Bjåstad.

Oddgeir Bruaset lanserte tidlegare i år den fjerde boka etter TV-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu,” som er basert på ein av dei mest populære fjernsynsseriane i nyare tid. Kven skulle tru at denne serien skulle bli så slitesterk gjennom tolv år? Det er dette spørsmålet denne boka gjev svaret på. Her møter vi menneske som vel eit anna liv, eit liv langt frå rastlause urbane miljø. Menneske som ønskjer eit enklare liv, men som i tillegg har mot til å bryte opp og faktisk velje dette livet. Eit liv der gleda over resultatet av eige hardt arbeid er større løn enn «likes» på sosiale medium.

Muntre historier og gripande lagnader

Forfattarmøter har vorte ein tradisjon under Bigsetmessa.

– Det er noko ekstra når vi får historiene som ofte ikkje er med på fjernsynsprogramma, fortel Hilde Kirkebø Bjåstad i messenemnda.

Bruaset fortel i alt om elleve stader i boka, og forteljingane om menneska som bur der, har det til felles at dei har søkt og funne det gode livet i ein fjern avkrok; her er både muntre historier og gripande lagnader.

– Strax bokhandel på Hareid vil vere med å arrangere sjølve innslaget, der Bruaset mellom anna vil halde eit kåseri og vise bilete om dei som lever eit liv utanom det vanlege.

Variert program

– Det er viktig at alle som vitjar messa får føde for både sjel og kropp, seier Bjåstad. Vi har innslag frå scena både laurdag og søndag.

Kaféen og scena vil også vere open heile tida, slik at publikum slepp å stå og gå mellom salsstandane, men også får høvet til setje seg ned.

I tillegg til Bruaset, kjem journalist og forfattar Gunnar Myklebust. Han hadde eit vellukka innslag i Brandal sist veke – og dei som ikkje fekk med seg dette, får ein ny sjanse i november.

På programmet vil det også vere innslag frå ulike korps i distriktet, tre-fire kor, musikkskulen og mykje meir, lovar messenemnda.