Sjøborg i Ulsteinvik er ein av to stoppestadar når musikkteateret Saum og Den Ny Opera i Esbjerg gjestar Noreg med den musikkdramatiske framsyninga av Is-slottet. Den andre staden er det nye teater- og kulturhuset Kilden i Kristiansand. Framsyninga kjem til Ulsteinvik 30. september og til Kristiansand 4. oktober.

Framsyninga er basert på Tarjei Vesaas sin roman Isslottet som kom ut i 1963. Vesaas vart løna med Nordisk Råds litterutpris for romanen som tek for seg alvorlege emne som venskap, død og skuldkjensle.

Det er den anerkjente komponisten Magnar Åm frå Volda som har skapt musikken til operaen som hadde urpremiere i Esbjerg på tysdag. Etter gjesteframsyningane i Noreg vert Isslottet sett opp ved oparen i København

- Som komponisten i denne operaen ynskte eg å kunne vise den også for heimepublikumet, ikkje berre i Esbjerg og København. Så då Den Ny Opera, som står for produksjonen saman med SAUM, uttrykte at dei gjerne ville vise operaen i Norge på eit par plassar, sa eg ifrå om min draum, fortel Magnar Åm til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at han fekk frie taumar til å finne ein scene her i området som kunne ta imot ensemblet.

- Det vanskelegaste kravet å stette viste seg å vere høgda på sjølve scena. Og her i regionen fanst det berre to salar som slik kunne hyse operaen: operahuset på Eid og kulturhuset Sjøborg i Ulsteinvik. På Eid var dei opptekne med eigen produksjon dei aktuelle dagane ensemblet kunne vitje, så då var valet klart: Sjøborg, seier Magnar Åm som er nett heimkomen frå Danmark og urframføring.

- Der var det fullsett med publikum, og framsyninga gjekk strålande, seier ein godt nøgd komponist.