Bjørn Fredriksen er leiar i Ishavsforeningen Jan Mayen. Han var på Jan Mayen i 13 månader i tida 1968 – 1969 som teknikar på Loran C stasjonen.

I løpet av desse månadane tok han fleire tusen meter super 8mm film samt ei masse foto.

I 2003 starta han arbeidet med å digitalisere filmane sine. Då kom ideen om å prøve å lage ein historisk dokumentar frå Jan Mayen.

No, etter vel 11 år, viste det seg at det var mogleg. Over 70 bidragsytarar har lånt ut fotos, film og video frå øya. Dette er private og offentlege institusjonar og museum, veteranar frå Jan Mayen og familiar til dei som har gått bort.

I vel to år satt Fredriksen saman med folk frå Nasjonalbiblioteket i Oslo og skøytte saman filmbitane. Den siste filmrullen vart digitalisert i mars i fjor. Han har no laga ein komplett filmdokumentasjon av bygginga av stasjonen frå første spadetak i 1958. Dette inkluderer produksjon av stasjonsmodular hjå Widerøe på Høland og lasting av «Polarbjørn» i Sandvika utanfor Oslo, lasting av «Polarhav» i Bodø, overfart til Jan Mayen og lossing i Båtvika.

Til Ishavsmuseet komande fredag har han dessutan med seg korte opptak frå vêrvarslinga si etablering i 1921, via krigsåra og fram til 1958 då LORAN vart etablert.

Fredriksen var god kjenning med Bjarne Brandal, grunnleggar av Ishavsmuseets Venneforeining, og fekk gjennom han mange gode historier om Brandal og Ishavsmuseet. Fredriksen fortel at han i ei årrekkje har hatt lyst å vitje museet på Brandal og gler seg stort til å kome der å vise sine unike historiske filmar.

Etter svært mange førespurnadar består menyen i kafeen denne fredagen igjen av saltkjøt, flesk og ertersuppe. Ishavets festbord med andre ord. For å ta del i middagen må ein melde seg på via museet.

Bjarne Brandal var ei tid stasjonssjef på Jan Mayen og ein god kjenning av Bjørn Fredriksen. Brandal gjekk bort i 2005.