Med berre stemma  si, ei god forteljing og nokre små fingerdukker heldt Rune Sæter publikum i ande då folkebiblioteka i Hareid og Ulstein markerte avslutninga på sommarens lesetevling Boksommar.  Sæter hadde først framsyning i Ulsteinvik, før han tok vegen over Eidet til folkebiblioteket på Hareid. Helga før gjesta han Herøy folkebibliotek i same ærend.

- Eg brenn for forteljarkunsten, seier Sæter, som etter at han flytta frå Ulsteinvik har vore på flyttefot som skodespelar og dramalærar i inn- og utland. Mellom anna har han vore tilknytta Det Norske Teatret i musikaloppetjingar som til dømes Tolvskillingsoperaen, Peter Pan og Hair.

Siste stoppestad er Ålesund. Sæter, som har utdanninga si frå Mountview Academy of Theatre Arts i London, underviser for tida ved dramalinja ved Fagerlia vidaregåande skule. Han vonar elles å kunne livnære seg som frilansskodespelar og –forteljar.

Han meiner forteljingsopplevinga, der tilhøyraren dannar bileta inne i sitt eige hovud, er i ferd med å verte sjeldan kost for born og unge.

– Formidlinga vert meir og meir visuell, ikkje minst gjennom tv, seier Sæter.

Med seg på Boksommar-festen hadde han forteljinga om dyra som bestemte seg for å satse på ei karriere som bymusikantar ettersom eigarane hadde planar om å kverke dei, noko som må seiast å vere ei dårleg løn etter eit langt liv i teneste. Forteljaren fekk med seg publikum til å lage dyrelydar av både esel, hund, katt og hane.

Både i Hareid og Ulstein har det vore mange som har lese flittig i sommar.

- Det er viktig å lese, ikkje berre på skulen, men elles også, sa biblioteksjef i Hareid, Anne Vasstrand. Ho roste borna som har vore med og skrytte også av foreldra deira som har lagt lesinga til rette.

Boksommar er ei tevling som alle folkebiblioteka i Møre og Romsdal er med på. Alle born i grunnskulen er inviterte til å vere med og målet er å få flest mogleg til å lese meir. Deltakarane, 37 i Hareid og 54 i Ulstein fekk premie og vart også med i trekninga av flotte gevinstar.