Kvar generasjon les dei same bibeltekstane på sin måte. Sundag 28. september blir det ei konsertframsyning der 12 utvalde bibeltekstar blir kommenterte med nye tekstar, ny musikk og nye bilete. Då framfører koret faSong med fleire verket ”Tolv tavler – Kvar er du?” i Hareid kyrkje.

Verket Tolv tavler er laga for kyrkjerommet og er eit gjennomarbeidd musikalsk verk med tekstoppleving i sentrum.

– Vi håpar dette kan vere med på å gi publikum nye impulsar og tankar kring bibelord ein kjenner frå før, seier Gaute Øvereng, dirigent for koret faSong frå Volda og Ørsta.

Arne Moltubak, sokneprest på Vartdal, har valt ut 12 kjende og sentrale bibeltekstar. Ut av desse har det kome nye songar, og bilete. Songtekstane er skrivne av Marianne Magnussen, Andreas Bjåstad og Oskar Stein Bjørlykke, og musikken er av Gaute Øvereng. På framføringa i Hareid kyrkje står Geir Helge Ådneram for tonefølgjet på piano, Knut Hunnes spelar bass og Einar Opsvik saksofon.

– Vårt store ønskje, er at dette skal vere ei oppleving som rører ved noko, som tek vare på og vernar, og som kanskje også kan vere med å oppgløde. Alt dette, utan å formane!  Vi håpar at denne framsyninga blir ei oppleving både for auget, øyret, tanken og hjartet, seier initiativtakaren Olav Baarøy.

Baarøy står også for det visuelle uttrykket i verket, 12 tavler, ein til kvar av dei 12 songane. Tavlene byggjer under dei tema tekstane har sitt utspring frå. Sokneprest Kristian Myklebust vil lese tekstane, som er utgangspunktet for det heile.

Den første teksten i framsyninga er henta frå den første boka i Bibelen, der Gud ropar på menneska, ”Kvar er du?”. Til denne teksten har Andreas Bjåstad mellom anna skrive:

”Menneske, kvar er du no, du som gøymer deg bort?

Eg vil fylgje deg, finne deg att.”