Mellom 600 og 700 menneske var innom Picasso-utstillinga på Galleri Hugo Opdal i helga.

– Det er vi kjempefornøgde med seier galleristyrar Audun Hopland. Han peiker på at galleriet måtte konkurrere med både Bylaurdag, Hødd-kamp og opptil fleire turmarsjar.

– Førebels har vi hatt eit sal på ein knapp million, men vi er framleis i dialog med aktuelle kjøparar, fortel galleristyrar Audun Hopland.

Prisane på dei bileta som var til sals varierte frå 35.000 til 520.000.

Ny Vikhagen-utstilling

I slutten av november opnar det ei ny utstilling. Då vert det eit gjensyn med Håvard Vikhagen som sist gjesta Galleri Hugo Opdal i 2010.

– Vikhagen kjem med heilt nye måleri, fortel Hopland som trur dette er ei utstilling som vil bli populær, ikkje minst hos det lokale kunstpublikum.

Då Picasso kom til bygda