Sivert Høyem meiner det ikkje er så nøye om han speler på store konsertscener i by eller mindre scener på bygda. Fredag 3. oktober kjem han til Ulsteinvik og Sjøborg.

På turnelista til Sivert Høyem står Athen, München, Oslo, København og mange andre store byar. Men der står også mindre stader som Finnsnes, Ulsteinvik og Svolvær.

– Er det at du sjølv er frå ein liten stad medverkande til at du tek deg tid til å spele på slike stader?

– Eg veit ikkje. Om ein har eit publikum i Noreg, så må eg reise rundt å spele for dei. Då er det ikkje så nøye om dei bur i by eller på ein liten stad, så lenge dei høyrer på meg, svarer songaren frå Bøstrand utafor Sortland.

Han meiner det er viktig å kome seg rundt i landet og spele for folk som likar å høyre på musikken han lagar. Høyem synest det er artig å spele for folk og han likar å reise.

– Får du tid til å sjå litt av landet når du reiser rundt?

– Det varierer veldig etter korleis me reiser, svarer Høyem.

Om dei reiser med fly kjem dei gjerne fram om føremiddagen. Då går tida fram til konsertstart gjerne med til lydsjekk og å gjere seg klar. Men om dei køyrer buss reiser dei gjerne om natta, så har dei dagen fri til andre ting.

– Eg likar å ta meg ein joggetur eller ein tur i marka om eg får tid, fortel Høyem. Kven veit, kanskje han blir å sjå joggande på Osnessanden?

Bra band

Sivert Høyem kom med plata «Endless Love» 1. mars i år. Både plata og denne turneen har fått gode kritikkar.

– No som me er på vegen speler med det mest kjende frå soloutgjevingane mine og frå Madrugada, så det er ikkje berre songar frå «Endless Love», opplyser Høyem.

«Endless Love» vart spelt inn i Sverige og det er med ein del svenske musikarar på plata. Ein del av dei var med på turneen, men det har vore nokre utskiftingar av musikarar undervegs på turneen som var har vara i over eit halvår. No er det ingen svenskar att. Dei som er med no er: Cato Salsa (har spelt live med Madrugada), Børge Fjordheim, Christer Knutsen og Øystein Frantzen.

– Me er eit veldig bra band. Det har vore ein bra turne, så det er berre å gle seg, avrundar Høyem som ser fram til å kome til Ulsteinvik fredag 3. oktober.

Tom Roger Aadland vil varme opp for Høyem med band.

Lenkje til Høyem sin nyaste video: Ride On Sisters

Berre ståplassar igjen

Sivert til Sjøborg