Lauvet kvervlar i haustleg vind, og regnvatnet renn i strie straumar. Eiksundarane meiner dette er ei høveleg tid for å samlast i godt lag innomhus, og ber inn til ny kjøkenkonsert på Eiksund Skule sundag 12. oktober.

Denne kvelden serverer kjøkenet ein varm og intim tre-rettars musikalsk godbit.

Stig Ulv har spelt på kjøkenet deira før, med fullt hus og eit begeistra publikum. – Vi er veldig glade for at han kjem hit til Eiksund att og spelar for oss, seier bygdesjef Morten Feiring.

– Han spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav, held Feiring fram.

Stig Ulv representerar noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.

Feiring er også veldig glad for at Ingrid Smoge kjem og spelar og syng.

Ingrid Karoline Smoge er ei ung jente frå Hareid som syng eigenkomponerte låtar og spelar gitar eller ukulele til. Songane spenner frå det melankolske til det glade, og vert framført med varheit og sjarme. Ho har gjort det godt på fylkes - UKM, og ho har allereie hatt mange spelejobbar rundt i kring.

Men folk skal ikkje berre få kose seg med vare tonar som kviskrar i vinden mellom fjord og skog og fjell. Publikum vert utfordra av Herrane Olsen&Feiring til å svare på musikk-spørsmål i ein uformell Vinyl-Kviss, der dei spelar låtar av god gamal årgang (og litt nyare og, kan hende).

Sjølvsagt skal folk og få varme seg på god kaffi med rykande ferske vafflar attåt.

– Ein lovnad, og ei oppmoding, til slutt: her skal vi ikkje skramle med grytelokka, men heller ta fram eggedelaren og klimpre varsamt på strengane i lag med strengeleiken på scena, lovar Feiring og ønskjer alle vel møtt til kjøkenkonsert.