Tom Roger Aadland, som skal varme opp for Sivert Høyem i Ulsteinvik førstkomande fredag, slepte sist fredag ein ny singel.

Rockepoeten vart lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet «Blod på spora». Låta «Vikla inn i blått» frå denne suksessplata vart nyleg kåra til ei av tidenes 25 beste norske coverlåtar av WiMP.

No er han tilbake med ei ny samling låtar. Første singel frå det komande albumet har tittelen «Oppløyst og medtatt». Det er ei mørk og stemningsfull låt om forandring og oppbrot. Svart humor og romantisk lengsel går hand i hand. Det er vestlandsgotikk på sitt vakraste og mest besnærande.

«Oppløyst og medtatt» er produsert av Lars Voldsdal (Madrugada, Hellbillies) og innspelt med nokre av landets fremste rockemusikarar. Erland Dahlen (Madrugada, Odd Nordstoga) er ein slagverkar som kan både fargeleggje og svinge. Bassist Tor Egil Kreken (Shining) har ei eiga evne til å finne ein personleg og frisk innfallsvinkel til kvar einaste låt han speler. Kjetil Steensnæs (Maria Mena, Morten Harket) skapar sin eigen sound med sin cosmic soul pedal steel og sine slepne gitarfraseringar.

«Eg er fri for klisjear og tom for idear», syng Tom Roger Aadland ein stad i låta. Elegant og vittig sagt, men siste del av utsegnet stemmer ikkje...

Sjå og høyr "Oppløyst og medtatt" her