Tolv utvalde bibeltekstar vart kommenterte med nye tekstar, ny musikk og nye bilete. Konserten «Tolv tavler. Kvar er du?» fann stad i Hareid kyrkje sundagskvelden.

Verket er laga for kyrkjerommet og var eit gjennomarbeidd musikalsk verk med tekstoppleving i sentrum.

Teksten var sentral

Her var mykje tekst. Og det var tydeleg at teksten var viktig. Publikum fekk utdelt program der all teksten stod. Ikkje for at dei skulle syngje med, men for at dei skulle få med seg alle orda.

Presten Kristian Myklebust las tekstane frå Bibelen, som vart etterfølgt av at koret faSong song salmetekstar av Andreas Bjåstad, Oskar Stein Bjørlykke og Marianne Magnussen. Til kvar tekst og song var det eit eige bilete på storskjerm.

– Det var ei heilt ny oppleving når ein fekk bileta på veggen i lag med musikken og tekstane, sa kantor Ida Teige då ho takka for ein fantastisk flott kveld.

Ny oppleving

Gaute Øvereng er dirigent for faSong som er frå Ørsta og Volda. I lag med Olav Baarøy og Arne Moltubak står han for idéen og det er dei som har samarbeidd om prosjektet. Baarøy har måla bileta til verket. Øvereng har laga musikken.

I tillegg til koret hadde dei med seg Geir Helge Ådneram på piano, Einar Opsvik på saksofon og Knut Hunnes på bass.

Øvereng har sagt at han håpar at dette verket kan vere med å gje publikum nye impulsar og tankar kring bibelord som ein kjenner frå før.

Det var nok Marianne Magnussen som hadde den mest spenstige tolkinga av ein bibeltekst. I staden for at Maria la Jesusbarnet i ei krybbe, sveipte ho det blodige spedbarnet i kåpa si og la det i framsetet på bilen sin, då mobilen var tom for batteri og ingen tok seg tid til å stoppe bilen sin for å hjelpe henne.

Andreas Bjåstad stilte også dei store spørsmåla i tekstane sine. Han stod for fem av dei tolv songane som vart framført. Tekstane gjev stort rom for tolking og undring.

«Menneske, kvar er du no, du som gøymer deg bort?» spør Bjåstad i eine teksten før han føyer til «Eg vil fylgje deg, finne deg att.