Tussa har oppmoda lag og organisasjonar om å gjere ei god gjerning for andre, og i bytte kan ein få støtte til eit valfritt prosjekt. Størrelsen på støtta kjem an på kor stort engasjement kvar einskild av desse klarar å skape, og det er publikum som bestem resultatet.

I skrivande stund ligg Ulstein Taekwondo Klubb såvidt framføre Barnekoret Småtroll frå Larsnes. Taekwondo-klubben hadde klokka 19.00 tysdag kveld 5.321 stemmer, 25 stemmer framføre barnekoret.

- Veldig spent

Vikebladet Vestposten fekk ikkje tak i ein representant for Ulstein Taekwondo Klubb tysdag kveld, men ein svært entusiastisk leiar for Barnekoret Småtroll svarte meir enn gjerne då avisa ringde.

- Eg tenkjer at vi er veldig heldige som har fått så mange stemmer. Vi har skapt mykje engasjement i bygda, men også mange frå andre stader har stemt på oss. Uansett om vi blir nummer to, så har vi vunne dette. Det har skapt mykje positivitet i gruppa, og borna synast det er veldig kjekt. Slik det ligg an no får vi uansett mykje pengar i sponsormidlar, seier Marianne Brune Leikanger.