Fredag kveld gjer Bjørn Holsvik og Magne J. Krumsvik comeback som programleiarar for fredagsunderhaldninga i Bygderadio Vest. Det er ein del år sidan duoen sist var å høyre i lokalradioen, men no er dei tilbake på eteren fredag kveld.

Bjørn fortel at det vil vere eit program med lett underhaldning for radiolyttarane på søre Sunnmøre. Det blir kramgoda låtar av ulik karakter, ei og anna historie, men også ein del spørsmål som lyttarane skal få ringe inn og svare på. På tampen av sendinga vil dei trekke ut nokre premiar også.

Magne håper at heile Søre luten vil vere med å skape god lokalradio med å ringe inn og delta i sendinga. Tradisjonen tru så må vi prøve å få oversikta over temperaturen i vår region denne fredagskvelden.

Vi kan også love ei overrasking eller to, med spennande intervjuobjekt på telefon, seier dei.