I haustferien reiser strykeorkesteret Ytre Strok til Bulgaria, til byen Plovdiv. Der skal dei mellom anna vere tilstades ved den internasjonale kammermusikkfestivalen som vert halden der, i tillegg til at dei skal opptre på den statlege musikkskulen i byen.

Som ei oppvarming til turen hadde dei tysdag kveld ein konsert i Reiten-salen i Ulsteinvik.

Ytre Strok er samansett av elevar ved musikkskulane i Hareid og Ulstein og er i alderen 9 til 19 år.