- Det har rett og slett blitt ein veldig fin tradisjon dette med eldrefest, seier Oddbjørg Brandal.

Det er bordvenninna Randi Breivik også skjønt einig i.

- Dei har stelt i stand eit flott program i år, verkeleg bra, seier Breivik.

Første punkt på programmet under årets eldrefest, som kvart år blir arrangert i samband med Verdas eldredag 1. oktober, var to innslag frå Ulstein kulturskule. Musikklærar Stig Lennart Håheim hadde med dottera Silje, og Viona Shera, som spelte kvart sitt stykke på piano.

Revejegerane på Jan Mayen

Ole Michael Ellefsen, tidlegare Sunnmørsposten-journalist og no leiar ved Aalesund museum, har nyleg gitt ut boka "Revejegerane på Jan Mayen". Ellefsen var neste punkt på programmet, med sitt historiske kåseri om hendingane og opplevingane til karar frå Hareidlandet og mannskapet dei segla saman med til Jan Mayen på 1920-talet.

- Eg fekk ei skikkeleg skattekiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Realiteten er vel eigentleg den at dei skulle jakte rev, men enda opp med å jakte på kvarandre, sa Ellefsen i byrjinga av kåseriet, til stort latterbrøl frå salen.

Året var 1926, og 11 menn er heilt isolert på ei aude øy. Jan Mayen var nettopp blitt erklært som norsk territorium, og under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal desse karane klare seg gjennom vinteren i små, tronge fangshytter.

- Dei kom i klammeri om kven som hadde rett til å jakte, og øydela stadig fellene for kvarandre. Målet deira var å bli rik på revefangst, men det var ikkje heilt slik det vart, seier Ole Michael Ellefsen.

Av lokale fangstmenn kan nok namn som Sigvald Garnes, Hans Ringstad og Karl Brevik vere kjende for nokre.

Eldrefesten vart avrunda med flott trekkspelmusikk frå Knut Selvåg.