Bjørn Martin Aasen er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld.

«Han Aasen» har vore dokter i Herøy i over 40 år, men då han passerte 70 tidlegare i haust, sette han punktum for legepraksisen sin. Bjørn Martin Aasen er fødd og oppvaksen i Hovdebygda i Ørsta, han kom til Herøy som nyutdanna lege i 1973, og vart verande i Herøy. Han har vore politisk aktiv i Arbeidarpartiet, m.a. som medlem av Herøy kommunestyre, som leiar av fylkestingsgruppa og som statssekretær i Sosialdepartementet. Han har også hatt ei rekkje andre verv innanfor fagfeltet sitt.

Søndag kveld kjem han til Herøy kyrkje. Der vil han fortelje korleis han har opplevd Herøy og herøyværingane, kva livet som lege har lært han om å møte menneske med problem og om kva for verdiar han set høgt og prøver å leve etter. Jens Terje Johnsen leier samtalen.

Ervingen Blandakor deltek med song. Dei kjem også frå Hovdebygda, og vart etablert så seint som i 2003. Under dirigenten sin, Øyvind Lied, har dei utvikla seg til å bli eit av dei beste kora i Ørsta/Volda-området.

Bjørn Leinebø er liturg i kveldsmessa, Dag Johan Flattun sit ved orgelet, og etter kveldsmessa er det kyrkjekaffi på kyrkjetorget.