Fredag inntok Silya and the sailors (and a couple of rapscallions) Hareidhallen med ein konsert det lukta svidd av.

Om det var nokon i publikum som ikkje var våkne før konserten tok til, så vakna dei i det minste når bandet fyrte i gang Trailblazer.

Med ei strålande blåserekkje, drivande rytme og ei stor stemme vart det svært mykje liv på scena i Hareidhallen, men det tok litt tid før publikum slengte seg med.

- De sit så fint. Det kan hende eg må kome ned i salen og røske litt i dykk, sa Silya med håp om å få publikum på beina.

Med eit band der tre av medlemma er frå USA og trommisen er italiensk, var det nok noko eksotisk å kome til Hareid, og Silya avslørte at ho hadde sikra bandet sveler på ein ferjetur tidlegare på dagen.

Konserten i Hareidhallen var den første på ein ny turné og den første alle dei sju på scena spelte saman. Det var det ikkje lett å høyre på musikken som strøymde ut av høgtalarane.

- Eg har gjort dette for at eg skal få vere kaptein. Men det er på ei ny skute kvar kveld.

Og Silya and the Sailors styrte Hareidsskuta trygt i hamn. Til slutt fekk ho faktisk dei aller fleste på beina, og bandet fann tid til å spele Heard it (Hareid) on the radio, og Extraordinary som ekstranummer.