Kunst kan vere så mykje. Laurdag 25. oktober får Ulstein kunstlag besøk av ein norsk internasjonal sceneforteljar med namn Torgrim Mellum Stene. Scena vert barneskulen i Ulsteinvik.

Torgrim Mellum Stene er utdanna innan forteljarkunst ved Høgskolen i Oslo og har studert skodespel ved International Theatre New York. Han har trollbunde både barn og vaksne i inn- og utland med sine filmatiske forteljingar. Han har ved fleire høve vore på hovudprogrammet til Fortellerfestivalen i Oslo, og delteke på scenekunstfestivalar i mellom anna Danmark, Finland, Ukraina, Hellas, Iran, Russland og Sør-Afrika. Om han resiterer Nordal Grieg eller fortel norske folkeeventyr, så er det alltid noko som er til stades: Ein nærleik til publikum og ei undring over det magiske i tilveret.

«Kvar er Bolla Pinnsvin?»

Torgrim kjem til Ulsteinvik med to forteljingar, ei for born og ei for vaksne. «Kvar er Bolla Pinnsvin?» høver for barn mellom 3 og 8 år, og er ei interaktiv reise saman med kjende og kjære karakterar frå Prøysen sine songar. Bolla Pinnsvin forsvann rett etter skulen i går. Ho sa ho skulle følgje hjertet sitt. Men kvar er ho no? I ein skog fylt av spenning og snakkande dyr vil Torgrim og borna prøve å finne svar på spørsmåla: Kva tyder det å følgje hjertet sitt? Kvifor er det så stille i skogen? Og ikkje minst – Kvar er Bolla Pinnsvin?

«Kløverknekten»

Bestefaren sin siste beskjed til barnebarnet var «fullfør historia mi». Fem år seinare pusta Torgrim liv i dette ønsket, og forvandla det til ei førestelling som har teke publikum med storm. «Kløverknekten» beveger seg gjennom mange lag og kombinerer livsfortelling og slektshistorie med drømmeverdener og mytiske bilete. Torgrim inviterer oss med på ei sanseleg reise gjennom kjende og ukjende landskap.

Undervegs vert grensene mellom røynd og fantasi kryssa heilt til eitt spørsmål melder seg: Kvar går eigentleg skiljelinja mellom biologi og magi?

«Kløverknekten» er ei forteljing om tru og tvil, frykt og håp og slekters gang. Men mest av alt er det ei munter, magisk og mystisk beretning om ein morfar og hans dotterson. Forteljinga høver best for vaksne. Gå gjerne inn på heimesidene til kunstlaget for meir informasjon.

Ulstein kunstlag håper mange vil nytte høvet til å få med seg ein framifrå forteljar!