Ved å betale 25 kroner kan du bli sungen for, samstundes som du er med på å gjere kvardagen til jenter i Etiopia og Malawi litt betre.

I dag er elevar ved dei vidaregåande skulane med på Operasjon Dagsverk over heile landet. Utanfor bokhandelen Eken Libris i Ulsteinvik har Marte Hallingstad Barstad og Selene Meinseth stilt seg opp.

I tillegg til at dei syng, tilbyr jentene sveler, brownies og kaffi.

Frå dei er fødde møter jenter i Etiopia og Malawi hindringar som avgrensar moglegheitene deira til å få seg ei utdanning og ta eigne val. Eit av måla med Operasjon Dagsverk i år er å gi jenter i desse landa auka sjølvstende og større innverknad på sine eigne liv.

Elevane ved Ulstein vidaregåande skule har eit eige opplegg, Operasjon Etiopia, som går til eit bestemt skuleprosjekt i Arba Minch i Etiopia.