Røros kommune kan for tredje gong skryte av tittelen «Norges beste kulturkommune», etter å ha stukke av med sigeren i Norsk kulturindeks 2014. Det er Telemarkforskning som står bak.

Trønderkommunane gjer det særleg godt på indeksen, medan sunnmøringane er kultursinker.

Vi må heilt ned til 60.-plass for å finne den første sunnmørskommunen, som er Ålesund.

Vidare er Norddal nr. 72, Volda nr. 90, Ørsta nr. 176, Stordal nr. 196, Ulstein nr. 210, Giske nr. 237, Herøy nr. 261, Ørskog nr. 270, Stranda nr. 282, Haram nr. 314, Vanylven 315, Hareid nr. 353, Sande nr. 360, Sykkylven nr. 388, Sula nr. 411 og Skodje nr. 419.

Norge har i alt 428 kommunar.

– Ein god kulturkommune, heiter det frå Telemarkforskning, – utmerkar seg med eit  stort kulturtilbod, breitt mangfald og god publikumsdeltaking.

Konklusjonen etter undersøkinga er at Norge har eit desentralisert kulturtilbod.

Kommunane har vorte målte etter ti kategoriar:

«Kunstnere, kulturarbeidere, museumstilbud, konserter, kino, bibliotek, scenekunst, kulturskole + den kulturelle skolesekken, sentrale tildelinger og frivillighet.»