Etter at fosnavågjenta May-Britt Moser fekk Nobelprisen i medisin saman med mannen sin, Edvard, frå Hareid, har ho hatt eit voldsomt mediekjør etter at tildelinga vart kjend. Svært mange vil ha tak i henne, men oppi alt styret har ho slett ikkje gløymt ”sin barndoms våg”.

Då ho vart spurd om ho kunne tenkje seg å vere samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag, svarte ho ja på strak arm.

- Ho seier ho gler seg til å komme heim. Herøy kyrkje har aldri før hatt besøk av ein Nobelpris-vinnar. No skjer det! seier Ole Arild Bøe i kveldsmessenemnda.

Henry Steinsvik, skipsingeniør, speidarleiar, hobbybonde og mannskorsongar for å nemne noko, skal leie samtalen.

- Som musikalske gjester kjem Bergsøykvartetten. To par med strålande songrøyster, Unni Kvamme og Bjørn Holum saman med Sølvi Nerem og Øyvind Granden Berg har gått saman og etablert ein kvartett som held høg kvalitet, fortel Bøe.

Fungerande sokneprest Bjørn Leinebø er liturg, og kantor Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Norunn Stendal Aksnes leier kveldsmessa.

- Kveldsmessenemnda ser fram til ein svært spennande kveld, og folk blir bedne om å vere tidleg ute. Eit kvarter på førehand blir det salmeøving, for å få til rungande salmesong under messa, med kjende melodiar, og kanskje ein eller to nyare salmar frå den nye salmeboka, avrundar Ole Arild Bøe.