Førstkomande laurdag kan du treffe Oddgeir Bruaset på Eiken Libris i Ulsteinvik. Dit kjem han for å signere den siste boka si.

Bruaset lanserte tidlegare i år den fjerde boka si etter TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Her møter vi menneske som vel eit anna liv, eit liv langt frå rastlause urbane miljø. Menneske som ønskjer eit enklare liv, men som i tillegg har mot til å bryte opp og faktisk velje dette livet.

For knappe to veker sidan var Bruaset på Bigset-messa. Tidlegare i haust var han på Alvehaugen.