Førstkomande laurdag, 22. november, er det premiere på TV-programserien "Da KORK kom til bygda" på NRK1. Først ute er programmet om då KORK og programleiar Ingrid Gjessing Linhave kom til Ulstein og Ørsta. Dei tre lokala talenta Chris Masters (Flø), Bror Magnus Tødenes (Eiksund) og Eirik Stave (Ørsta) vart plukka ut til å vere med på den flotte konserten i Hareidhallen i mai.

I ei veke var programleiaren og Kringkastingsorkesteret på Sunnmøre for å lage liv og øve inn konserten.

For å gjenskape litt av den magisk gode stemninga som var i Eiksund denne veka ber Eiksund Bygdelag inn til heilaftan på Eiksund samlingshus. I lag vil bygdefolket sjå TV-programmet og konerten på storskjerm. Ulstein Trekkspelklubb var med i Eiksund i mai, og dei kjem på ny til Eiksund for å glede folk med trekkspelmusikk. Der blir også sal av mat og drikke. og dei vil lodde vekk Eiksund T-skjorter som er signert av Nytt på nytt-gjengen.

Kulturkontoret i Ulstein kommune har valt å vise TV-programmet og konserten på Sjøborg kino laurdagskvelden. Dit kjem mellom anna Chris Masters. I kiosken blir det sal av bakst og søtsaker.

Sjekk ut skjorta til Knut Nærum

Kom til sine eigne

KORK kom til Eiksund