Fisket etter makrellstørje var det store eventyret langs norskekysten på femtitalet, eit fiske som kunne vere både spanande og risikofylt.

Makrellstørje vert rekna som verdas raskaste fisk med ei toppfart på nærare 100 km/t. Opp gjennom historia har det vore perioder då norskekysten har blitt invadert av disse store muskelbuntane som kan oppnå ei vekt på inn til 500 kilo. Fisken vart fanga først med harpun, deretter med snurpenot og line og var eit av våre viktigaste fiskeri på 1950-tallet

Makrellstørje er ein god matfisk som er svært ettertrakta, særleg i den japanske marknaden der den blir brukt til sushi og sashimi. Før vart det sagt at ei størje tilsvarte ein Toyota i pris, men no kan ei enkelt makrellstørje omsetjast for fleire millionar kroner. Verdsrekorden vart sett ved ein fiskemarknad i Tokyo i fjor der ei størje vart selt for 10 millionar kroner.

På søndag inviterer Runde Miljøsenter til foredrag om makrelstørja. Nils-Roar Hareide vil fortelje om fisken og fiskeriet. Han vil vise film og bilde frå prøvefiske på 1990-talet utanfor Sunnmøre og fortelje om biologi og levemåte til denne spesielle fisken. Fiskarar som dreiv dette fisket på 50- og 60-talet er inviterte og vil ta del med historer frå den tida då dette eventyret gjekk føre seg langs våre kysten. Ei viktig spørsmål er om desse fiskane er på veg tilbake. Svaret får du kanskje på søndag på Runde Miljøsenter.