Hareid folkebibliotek og Ulstein bibliotek har alle dei eldre årgangane av avisene Vikebladet, Vestposten og Vikebladet Vestposten i samlinga si og det skjuler seg mykje historie i gamle lokalaviser:

- For Hareid folkebibliotek var det spanande då vi nett oppdaga at den amerikanske forfattaren Ernest Hemingway vitja både Hareid og Ulsteinvik i 1954 med foredrag på Trudvang og Fredheim. Same året kan vi også lese at Isak og  Berte Hareide det året var det eldste ekteparet i landet med sine 74 års samliv, fortel biblioteksjef Anne Vasstrand

- Det betyr enormt mykje lokalhistorie samla mellom permar. Det er stadig folk innom som er ute etter bilete eller artiklar av ymse slag frå tidlegare aviser. Avisene er ikkje til utlån, men alle kan sitje å bla i dei på biblioteket, opplyser biblioteksjefen.

I følgje førehandsmeldinga i Vikebladet før Hemingway-besøket i 1954 gjorde avisa merksam på at forfattaren ikkje hadde med seg tolk:

- Alle som har høve til det bør ta med seg ei engelsk ordliste, var tipset frå avisa.

Dersom nokon kan minnast noko frå Hemingway si vitjing er det berre å ta kontakt med Vikebladet Vestposten sin redaksjon.