– Eg er glad for at dette er ein serie om musikk som ikkje skaper taparar.

Det seier Kringkastingsorkester-sjef Rolf Lennart Stensø før premieren laurdag på NRKs nye storsatsing «Da KORK kom til bygda».

Fem norske bygder frå nord til sør får besøk. Inn rullar det 54 musikarar store orkesteret og møter tre lokale talent som på ei veke – med hjelp av ein mentor – blir løfta fram og opp på scenen i ein storkonsert. Resultatet pregar dei fem kommande laurdagskveldane, sidan førebuingar og konsert blir sendt i kvar sin omgang.

– Vi ville løfte fram talent utan arena, seier Stensø til NTB.

Talent-overraska

KORK-sjefen er van til å jobbe med storkanonane innan musikkbransjen. NRK-karrieren starta med å planleggje Dimmu Borgir i samspel med orkesteret, og om ei dryg veke ventar Bjørn Eidsvåg i Oslo Spektrum.

Men Stensø fekk seg ein overrasking etter kvart som turen gjekk til Ulstein, Ørsta, Modum, Dalane, Bardu og Kvam, der NRK-laget fann dei lokale artistane.

– For meg var den største overraskinga dei store talenta vi møtte! Eg veit det er mykje spennande rundt i Noreg, men eg har alltid trudd at dei mest spesielle ville komme seg fram.

Sjølv reiste Stensø frå heimbyen Bodø som 18-åring for å satse på musikk. Og heile landet er representert også i Kringkastingsorkesteret. Men nokre blir igjen i heimbygda, og dei var det KORK møtte.

– Kanskje dei ikkje vil ut? Dei har eit publikum, kanskje også ein draum, men noko held dei att. Kanskje har dei det bra der dei er? funderer han.

Ingrids eventyr

Først ut av dei fem programleiarane er Ingrid Gjessing Lindhave, som rykte inn i Ulstein og Ørsta med eit heilt symfoniorkester og eit TV-team på slep.

– For eit eventyr det var. Eg hadde store forventningar, men alt overgjekk det eg tenkte på førehand. Eg vart møtt av blide ordførarar, enormt engasjement frå lokalsamfunnet og eit fellesskap, ein natur, og ei venleg og ujålete framferd som var heilt fantastisk, seier Gjessing Lindhave til NTB.

Det er med glimt i auga ho røper kva ho vart mest overraska over:

– At det går an å bli tatt så godt imot når ein faktisk kjem med beskjeden: «Her skal det jobbast, folkens!». Vi kravde mykje av folk, vi skulle jo få opp og stå ein kjempekonsert på berre ei veke.

– Kva vil du hugse best?

– Følelsen av å sjå tre fantastiske talent opptre med stjerner i auga framfor heile bygda si, familien sin, postbodet og alle dei kjenner, og leve ut sin store draum til trampeklapp.

Sterk trio

Talenta som Ingrid Gjessing Lindhave viser fram til TV-sjåarane laurdag kveld, er den kommande operastjerna Bror Magnus Tødenes (20), rapparen Christoffer Masters (20), og åtte år gamle Eirik Stave – som gav KORK-dirigent Christian Eggen avløysing og overtok dirigentstaven.

Seinare blir det endå meir breidde, når programleiarar som Linn Skåber, Leo Ajkic, Anne Rimmen, og Hans Olav Brenner overtek programleiarrolla i tur og orden:

Modum byr både på irsk band og ein 88 år gammal tubaist, Dalane i Egersund på ein klassisk pianist som elles underheld éin dag i veka på aldersheimen i bygda, Bardu på to svært forskjellige pianistar og eit rockeband der både ordføraren og distriktslegen er med, medan Kvam i Norheimsund har den einaste fiolinisten og kvedaren i serien.

Meir synlege

– Det var ein fest, slår orkesterleiar Stensø fast om det å reise rundt med orkesteret, som vanlegvis er stasjonert i det kvite huset på Marienlyst.

Der har ikkje Kringkastingsorkesteret alltid vore like synleg internt. KORKs skjebne er å balansere på ein knivsegg: Seinast denne veka signaliserte FrPs kulturpolitiske talsmann overfor Dagbladet at KORK kan ryke når NRK-meldinga blir lagt fram for Stortinget neste år.

– Vi har stått på mykje med å vere synlege, ikkje berre ute, men også internt. Og plutseleg kjem både «Da KORK kom til bygda» og Melodi Grand Prix-deltaking, seier Stensø og slår fast om den premiereklare, påkosta serien:

– Vi lagar eit godt realityprogram om musikk og kva musikk betyr for folk, utan at nokon konkurrerer.

Om serien:

* Første program 22. november: Frå Ulstein og Ørsta med programleiar Ingrid Gjessing Linhave. Talent: Bror Magnus Tødenes (20), som syng opera, Eirik Stave (8), som dirigerer KORK, Christoffer Masters (20), som rappar sin eigen låt.

* Andre program 29. november: Frå Modum med programleiar Linn Skåber. Talent: Erland Evjen (46), singer/songwriter med sin eigen song, Killieburne Brae, band med irskinspirert folkrock, og Lars Bottolfs (88) på tuba.

* Tredje program 6. desember: Frå Dalane med Leo Ajkic som programleiar. Talent: Ole Iversen (24), som spelar klaver, bandet WOLF (War of Low Frequency), og vokalist Ingjerd Østrem Omland (31).

* Fjerde program 13. desember: Frå Bardu med programleiar Anne Rimmen, som får hjelp av Nora Wiik Meyer (8). Talent: Bandet The Early Midlife Crisis og Freidig Mannskor som syng Queen, jazzorganist Kjell-Tore Nordli (44) og Stine Maren Steien (17) på klassisk klaver.

* Femte program 20. desember: Frå Kvam i Norheimsund med programleiar Hans Olav Brenner. Talent: Hanna Marie Thiesen (17) på fiolin, Jostein Odland (46) på elgitar og kvedaren Anja Savic Røed (19).