Trudde du verkeleg at forfattaren Ernest Hemingway reiste rundt og heldt foredrag på Fredheim og Trudvang i 1954? I så fall er i du i godt selskap.

Tidlegare i dag meldte Vikebladet.no at i følgje ei utgåve av Vikebladet frå 1954 var den amerikanske forfatteren Ernest Hemingway på foredragsturné i traktene og skulle mellom anna vitje Fredheim i Ulsteinvik og Trudvang på Hareid under ferda. Sidan forfattaren ikkje hadde med seg tolk, vart publikum oppmoda til å ha med seg engelsk ordliste på tilstellinga.

Det syner seg at dette ikkje var tilfelle.

Frå Hareid Folkebibliotek, som tipsa oss om den kuriøse saka, får vi no eit dementi.

Her får vi fortalt at Einar Måseide, leiar i Hareid Mållag, har vore innom biblioteket og blitt orientert om saka. Måseide meinte at det heile måtte vere ein aprilspøk og etter å ha sjekka datoen synte det seg at, jau, denne synte 1. april 1954.

- Den tida kom avisa ut berre ein gong i veka, så då hadde dei full klaff. Ja, der klarte altså Vikebladet å lure oss 60 år etter. Ja, då held ho seg godt, avisa, seier biblioteksjef Anne Vasstrand.

Ho syner dessutan til at Vikebladet hadde ein oppklaringsnotis i den påfølgjande utgåva. Under overskrifta "Aprilspøk" står det å lese: "Etter det vi har frett var det mange som trudde at mest alt i førre nr. var aprilspøk. Det var ikkje tilfelle. Vi hadde 2 aprilspøkar. "Fjernsnsapparatet" som var utstilt hjå A.U. og "Forfattaren Hemingway" sine tillyste møter i Ulstein og Hareid."

Vasstrand fortel dessutan at det i den samme utgåva står å lese eit lesarbrev der ein lesar roser avisa for dei gode spøkane dei hadde i førre nummer. Det er berre det at dei sakene denne lesaren syner til ikkje var aprilspøkar!

Om nokon gjekk på spøken i 1954 og dukka opp på forsamlinghuset med ordlista i neven, det har det diverre ikkje lukkast redaksjonen å få greie på. Men at mange har blitt lurt over 60 år etter - det kan vel neppe seiast å vere ein spøk.