Torsdag kveld, 27. november, kjem fotograf og fotobok-forfattar Magnar Fjørtoft til Hareid folkebibliotek for å halde foredrag for alle interesserte som vil verte ein betre fotograf.

Fotografi skal stå i fokus den kvelden og ei tid framover på biblioteket, og biblioteket vil oppfordre dei som ynskjer om å stille ut nokre av sine bilete på biblioteket.

Foredraget er ledd i ein fototurné som skal gå til dei fire biblioteka på Søre Sunnmøre: Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.  Herøy har allereie hatt besøk av Magnar Fjørtoft, no står Hareid for tur og til våren skal han til Ulsteinvik og Sande.

Guru

Magnar Fjørtoft kan ein kalle ein guru innan foto her i fylket og han er ein mykje nytta foredragshaldar i fotoklubbar rundt om. No kan dei som vil få gode tips frå denne fotoentusiasten. Anten du er nybegynnar eller ein meir erfaren fotograf kan du denne kvelden plukke opp mange gode tips.

Magnar Fjørtoft har gitt ut boka ”Digital fotografi i praksis”. Boka vert rekna som den beste norske boka innan feltet.

Ei stor og god samling fotobøker følgjer turneen. Her er fotolærebøker og fotobøker til inspirasjon.  Dette er bøker som oftast er dyre i innkjøp, så her vert det ein god muligheit til å låne med seg flotte bøker heim.

Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte.  Det heile vil vare i ca to timar.