I kveld er det første episode på NRK 1 av "Da KORK kom til bygda". I kveld får me sjå korleis det gjekk til programleiar Ingrid Gjessing Linhave og Kringkastingsorkesteret kom til Ørsta, Ulstein og Eiksund.

Sjøborg kino opnar dørene og viser det heile på kinolerretet. Dit kjem både ordførar Jan Berset og Chris Masters, som er ein av dei tre talenta som fekk utfalde seg på scenen med KORK i mai. I Eiksund slår dei til med heilaftan på samlingshuset.

Eit anna talent som fekk prøve seg var Bror Magnus Tødenes frå Eiksund. I lenkja under her kan du sjå korleis han byrja med opera.

Tullesynging gjorde Bror til operasanger