I morgon, sundag 23. november, er det 100 år sidan Ulstein kyrkje var dekorert ferdig innvendig.

Det var kunstnaren Johan Haddal som måla kyrkja i lag med Ole Flø og Magnus Flø. Det var Haddal som tenkte ut og bestemte korleis det skulle vere.

Dette jubileet meiner kyrkja det er verdt å markere. Denne helga heng det bilete rundt om på veggene i kyrkja. Her kan ein sjå for ein allsidig kunstnar Haddal var. Ulstein kyrkje var den første kyrkja Haddal dekorerte, sidan vart det fleire kyrkje og ungdomshus.

Utstillinga vart opna med at Øystein Ekroll heldt føredrag om Johan Haddal. Han tok til orde for at nokon bør sørgje for å få skrive ei bok om Haddal, det fortener han. Kantor Ståle Helvig spelte musikk som var inpirert av måleri, av Debussy.