Det var stor stemning på Eiksund samlingshus i går kveld. I overkant av hundre bygdefolk samla seg for å sjå "Da KORK kom til bygda, Ørsta og Ulstein" i lag.

På det viset fekk dei mimra i lag tilbake til den kjekke veka i mai då programleiar Ingrid Gjessing Linhave og Kringkastingsorkesteret kom.

Særleg lo bygdefolket med då det var eiksundarar på skjermen som tørka sveitte, song opera eller utmerkte seg på anna vis.

I programmet fekk ein sjå glimt frå Roppehornet, Kaffikari, Ulstein verft, Kleven verft, Eiksund, Hareid, Blåhuset og eine suiten på Quality Hotel Ulstein.

Mange vart rørte av scenen då faren til Chris Masters kom overraskande til konserten. Og eiksundarane var stolte då dei fekk sjå bygdas eigen Jussi Bjørlyng, Bror Magnus Tødenes, song opera som berre han kan.

På Sjøborg kino var det eige arrangement.