UKM-ambassadørane Frid Andrea Wik og Katrine Mæhlum Pilskog håper på rekordpåmelding til Ungdommens kulturmønstring for Ulstein og Hareid i 2015.

Ungdommens kulturmønstring feirar 30 års jubileum i 2015, og arrangørane håpar på rekordstor deltaking i bursdagsgåve. Lokalmønstringa for Ulstein og Hareid blir etter planen i Sjøborg kulturhus laurdag 7. februar.

-Det er veldig kjekt å vere med på UKM. Ei god oppleving, og ein får vist kva ein kan, seier UKM-ambassadør Frid Andrea Wik (16) frå Ulstein.

Påmeldinga opnar

Det er straks adventstid, som også betyr at påmeldinga til UKM opnar.

-Det er muleg å melde seg på frå 1. desember. Gå inn på www.ukm.no og finn lokalmønstringa for Ulstein og Hareid, forklarer UKM-ambassadør Katrine Mæhlum Pilskog (17).

Både Katrine og Frid gler seg til å vere med på si fjerde lokalmønstring. Medan Frid har delteke med kunst tre år, har Katrine prøvd seg både med kunst og i nettredaksjon.

- Eg har lært mykje av UKM. I år var eg så heldig at eg kom heilt til landsmønstringa. Både det å vere med på lokal, fylkes- og landsmønstring er kjempekjekt, seier Katrine.

17-åringen har lært mykje av å delta i UKM, og ikkje minst har ho fått mange nye venner:

– UKM er veldig sosialt!

Opa scene på Bell

Fredag 28. november arrangerer Bell Ungdomsklubb «Opa scene» der den som har noko dei vil vise kan delta.

- Dette arrangementet er meir uhøgtideleg, og mindre skummelt enn å stå på scena på Sjøborg kulturhus. Så til dei som ikkje er heilt sikre på om dei vil bli med på UKM: Prøv deg først på scena til ungdomsklubben, oppmodar ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

For meir informasjon om arrangementet denne veka, ta kontakt med ungdomsarbeidaren på Facebook.

Mini-UKM i januar

Påmeldingsfristen for å delta i UKM er sett til fredag 30. januar. UKM-ambassadørane håpar at ungdom denne gongen melder seg på i god tid.

- Vi har mange idear og planar for kva vi kan få til om ungdommane har lyst. Mellom anna ønskjer vi å få til ei øvingshelg og eit mini-UKM i januar. Skal vi få til det er det viktig at dei som veit dei skal vere med, melder seg på så raskt som muleg, fortel Katrine.

UKM i Hareid og Ulstein er for barn og ungdom mellom 10–20 år. Men berre dei som fyller 13 år i 2014 til dei som fyller 20 same år, har sjanse til å kome med til fylkesmønstring. Om det er snakk om ei gruppe, så må halvparten av gruppa vere mellom 13 og 20 år.