Asle Geir Widnes Johansen, som har vore redaktør for boka, fortel at baktanken har vore å presentere hundre personar, kvinner og menn, som absolutt har bidrege til å gjere Ulstein til den kommunen den vart.

Boka er utgjevaren Fantastiske Osberget sitt lokalhistoriske bidrag til grunnlovsjubileet 2014.

– Vi lyfter fram desse hundre personane i eit kortfatta og litt tabloid format der kvar person blir presentert med to foto; eitt av personen sjølv og eitt bilde frå aktiviteten han eller ho har stått i, fortel redaktøren og legg til at det har stått ei «nemnd» bak utveljinga. – Vi har gått gjennom Personboka 2000 og andre bøker og hatt høglytte diskusjonar om kven som skulle vere med.

– Då er det vel ikkje til å unngå at det vil vere dei som kjenner seg forbigådde også?

– Det vil det nok vere, men slik vil det nødvendigvis vere når ein skal setje ei grense. – Vi kunne ha slutta på 50 personar og vi kunne ha dobla til 200. Det manglar ikkje på menneske som har gjort ein innsats. Nokre av dei er opplagde og «ligg i dagen». Andre har det vore diskusjon om. Vi meiner at dei som har fått plass i boka fortener det, men at utvalet likevel ikkje representerer nokon endeleg fasit.

Brei innfallsvinkel

Boka har ein brei innfallsvinkel. Her er folk som har stått bak oppfinningar, folk med pågangsmot, folk som har gått konkurs og hatt ei «blomstrande oppstode». Kunstnarar, kulturarbeidarar, skulefolk, motstandsfolk, omsorgsfolk, butikkfolk - og så vidare.

– Vi lever i eit havland, og ikkje minst er fisken, båten og havet representert i boka. Du ser lett tidskontrasten frå smier og slippar fram til dagens internasjonale skipsbygging, offshorereiarlag og verdsklassedesign.

– Det har vore nedturar, men sanneleg har mykje gått opp i Ulstein. Men truleg har dei rett som hevdar at framtida vår er avhengig av korleis vi forvaltar og vidareutviklar kunnskapen vår om havromet, meiner Asle Geir Widnes Johansen, som fortel at arbeidet med boka har vore utruleg lærerikt og gjevande.

Boka er på 120 sider, og er trykt i eit opplag på 1.000.