Tysdag kveld har ho med seg diktsamlinga "men eg ser hjartet" som ho vil lese frå til "folket hennar".

- Det er godt å kome heim, seier Eltvik Dyrnes sjølv om ho flytta frå Ulsteinvik for mange år sidan, og sidan har budd i Mandal og no i Austrheim i Hordaland.

- Eg er sunnmøring, eg kan ikkje bli noko anna. Eg er sunnmøring i sjela, slår ho fast.

"men eg ser hjartet" er hennar første diktsamling, men Eltvik Dyrnes fortel at ho har dikta i mange år.

- Tidlegare har det vore så lite tid. No har eg tid, og mange seier at eg må skrive, og eg har også lyst til å skrive så mykje meir, men først måtte eg rydde litt opp.

Lillian fortel at ho har fått gode attendemeldingar på diktsamlinga si, men at ho no følte det var på tide å ta den med heim.

- Eg vil dele den og ha kontakt med "folket mitt". Det betyr litt ekstra, seier ho.

Diktaren fortel at innhaldet i "men eg seier hjartet" sprikar i stor grad.

- Ja, ifrå det heilt nære, frå naive barnetankar og over til dei store spørsmåla. Frå noko som kan vere viktigare enn sjølve livet, til alminnelege ting vi held på med.

Lillian Eltvik Dyrvik trekk mellom anna fram diktet "Marianella" om menneskerettsforkjemparen Marianella García Villas frå El Salvador, som vart drept medan ho dokumenterte menneskerettsovergrep i heimlandet.

Og så har ein kontrastane til diktet "Gud likar karamellar" som ho gjerne ville dele.

Gud likar karamellar

Gudlikar karamellarsa son min

Han hadde lagtSmørbukakne i radlangs bordkanten

Frøken seierhan likar altsom ergodt

Les meir om Lillian Eltvik Dyrnes og "men eg seier hjartet" i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Lillian Eltvik Dyrnes skal lese frå diktsamlinga men eg seier hjartet.