I sommar spelte Pandreas framføre fleire tusen på Roskilde-festivalen i Danmark, og han har hausta mange lovord frå mellom anna Pitchfork og The Guardian. I vår gav han ut sin tredje EP "Beluga", som også fekk mykje god kritikk.

På nettstaden til magasinet Highsnobiety har tjue mindre internasjonalt kjende norske artistar blitt lista opp, og Pandreas frå Ulsteinvik er altså ein av dei. Dette saman med artistar som Lindstrøm, Highasakite og Kid Astray for å nemne nokre.

I omtalen av Pandreas skriv Highsnobiety at han skaper lysande, kultivert elektronika, rikt på organiske teksturar, glitrande synth-liner herlege vokalsamplingar.

Kleven Rasmussen er for tida busett i Bergen, der han tek jusstudiar.