Bror Magnus Tødenes må vel kunne seiast å vere i vinden for tida. For få veker var han å sjå i "Da KORK kom til bygda." Nyleg var han gjest i NRK Klassisk der han fortalde om korleis det er å studere opera i Italia. Han har gjeve ut cden "Remembering Jussi", som haustar mange godord. Førre veke song han under fredsprisutdelinga. I helga var han på masterclass med Elizabeth Norberg-Schultz og Voice Tutor. I dag syng han julekonsert i Trondheim. Den første juledag er han igjen å sjå med Kringkastingsorkesteret på TV-skjermen, der han er med i julekonserten deira. Same dag er han gjest på Jakobsen på NRK P1.

Spellemannsprisen

Og i dag vart det klart at operatalentet frå Eiksund er nominert til Spellemannsprisen 2014 i kategorien klassisk. Dei fire nominerte er Bergen Philharmonic Orchestra med Jennifer Pike og Edward Gardner, Erlend Skomsvoll/Christian Ihle Hadland/Jan Bjøranger, Norwegian Baroque Orchestra og Bror Magnus Tødenes.

Tødenes er nominert med Jussi-plata si, der Håvard Gimse speler piano.

Utdelinga er i Stavanger konserthus laurdag 17. januar. Det blir sendt direkte på NRK1.